top of page
Danielle
DANIELLE_NICOLE

Ved foten av fjella, i bakkane på Trandal har vi fått æra av å presentere mange verdsstjerner gjennom åra. Og i år er vi stolte av å kunne presentere Danielle Nicole! Og for dei som måtte lure – dette er verkeleg ei verdsstjerne! Ho vart først høyrd i bandet «Trampled under foot», bandet som gjorde furore på Notodden og fleire andre festivalar rundt om i Europa. Men Daniella Nicole fann ut at ho var seg sjølv nok.

Ho kjem frå Kanas City i Missouri, USA, og ho har turnert verda over i ei årrekke no. Ho er inlemma i Hall of Fame, og ho har fått fleire prisar. Sjølvaste Gutar World magazine skreiv:

"Danielle Nicole has won respect and admiration throughout the American blues scene for her soulful, inventive playing and tireless work ethic." 

I 2023 ga ho ut albumet The Love You Bleed . På Spotify finn du ekte uttrykk frå ein ekte artist! Vi er svært stolte av å få denne dama til Trandal.

Saman med seg har ho ektemannen Brandon Miller på gitar (bere vent – han e steingo!) og the one and only «Go-Go Ray» på trommer.

 Vi er sikker på at publikum vil ta godt i mot denne eineståande artisten! Velkomen Nicole!

Beady Belle
BeadyBelle.jpg

Beady Belle er grensesprengende, ho er norsk, og ho er frå Volda. No tek ho turen over fjorden til Trandalblues, med soul, blues og rett og slett musikalsk verdskvalitet
Beady Belle er anerkjend internasjonalt, men var i fleire år nærast ein Norsk løyndom. Men i 2019 endra det seg, då ho for alvor vart kjend gjennom Stjernekamp.
Beady Belle, alias Beate S. Lech, starta som frontvokalist i bandet Folk & Røvere i 1996, medan ho då studerte ved Norges Musikkhøgskole. Etter dette har ho giit ut ei rekke med plater i samarbeid med bl.a. Bugge Wesseltoft, Jon Eberson, Adam Douglas, Joshua Redman, Jarle Bernhoft, Georg Riedel, SKRUK...etc.
Anmeldaren i Dagbladet trilla terningen høgt og kalla henne "Norges svar på Beyonce". Ho har turnért i store deler av verda siden tidleg på 2000-talet. Og ho har arbeiddd saman med verdsstjerner som Jamie Cullum, India.Arie, Dee Dee Bridgewater m.fl.
Dette er raffinert «neo-soul», med solid groove, og der Beady Belle syner enormt overskot og fenomenal stemmebruk. 
Beady Belle ga ut sitt ellevte studioalbum, Nothing But The Truth i 2022. Dette markerer 20-årsjubileet for hennar debut.

Reidar Larsen
Reidar Larsen & Hjemmelaget

REIDAR LARSEN - 2024 - nytt album og nye konsertar 
Reidar er godt kjend på Trandal. Dette er tredje gongen han kjem, og det med god grunn. I skogen av norske bluesartistar har Reidar Larsen utmerka seg som ein av dei fremste. Når vi tok kontakt var det ikkje tvil! Han vil kome og han vil spele noko av det beste som framleis er å høyre på ei norsk scene. På Trandal er vi klare for å ønske ein av Norges fremste bluesmenn atter velkomen! 
Og med «Hjemmelaget» som kjerneband (Arne R Skage – gitarer; Roald Brekke – bass; Atle H Strøm – trommer) har han slept eit nytt norskspråkleg studioalbum.  Reidar har i mange år blanda ulike element fra bluesens si lange historie, i tillegg til gospel, cajun, country, jazz & rockhistorien, vil Reidar blande inn i sin eiga musikalske «blandingsdeig».  Vi kan ikkje garantere at han vil synge på Sunnmørsk, men vi kan garantere ein fest av alt det Trandalblues har å by på. Ekte blues og skikkeleg musikalsk formidling. 
Vi gler oss, Reidar!

Good Time C
Good Time Charlie

Good Time Charlie (GTC) reknast i Norge for å vere eit pionèrband for autentisk rhythm and blues, noko dei også har hausta nasjonal og internasjonal anerkjenning for. GTC har mellom anna vore backingband for blueslegendar som Lowell Fulson, Hubert Sumlin, Pinetop Perkins og Jimmy Dawkins.

Med 12 kritikarroste album og fleire nominasjonar til Spellemannprisen har bandet sett tydelege spor etter seg. I seinare tid har GTC med konseptet ”Jubelblues” truffe innertiar i det å spele blues på dialekt for born i alle aldrar.

I 2024 er GTC på vegen med originalbesetninga på bandet sitt første album ”Comin’ Down With The Blues” i 1995. Plata blei hylla av anmeldarane og har i ettertid fått status som ein milepæl blant norske bluesutgivelsar. ”Comin’ Down With The blues” blir ofte referert til som inspirasjonskjelde for bluesmusikarar i Norge.

Good Time Charlie:

Arle Hjelmeland – vokal, munnspel

Johnny Augland – gitar, piano, vokal

Per Fredriksen – trommer

Leif Korsnes – bass, vokal

Steinar Karlsen – gitar, vokal

Eidem
Eidem

Med felles interesse for Blues vart Eidem starta opp rundt musikkmiljøet på Steinnes Whitehouse våren 2020. Bandet er innom mange stilar innafor bluesen. Stikkord,: Groove, shuffle og sjel. Med sine lidenskapelege opptredenar, dyktige musikalske komposisjonar og kraftfulle vokal leverer dei ei oppleving som vil røre ditt hjarte og etterlate deg ynskjande etter meir. Når bandet vart starta var ein av dei store draumane å få spele på Trandalblues. No går den i oppfyllelse!

Faculty of Funk
Faculty of Funk

Sunnmørsbandet Faculty of Funk dreg dei heitaste låtane når dei står på scena, med eit repertoar som kan ta pusten frå dei fleste.
Bandet har heile 11 medlemmar og med det full blåserekke, eit tight komp og solid vokal, og lovar heftige rytmar og solid trøkk frå første til siste låt.
Bandet spelar på festivalar og utestadar, og lagar alltid liv der dei er.
Faculty of Funk spelar hovudsakleg soul- og groovebasert musikk frå 60- og 70-talet, men har også med nokre hits frå nyare tider.

På scena:

Ulf Kristiansen – altsax
Brynhild Hovden - barytonsax/tenorsax/kor
Pernille Mouritsen – trombone
Per Gunnar Flø – trompet
Arild Andenes – trompet
Knut Hunnes – bass
Otto-Magnus Evenstad - gitar/kor
Stein Henrik  Vartdal - keyboards/kor
Håkon Følsvik – trommer
Linda Flusund – kor
Janne M. G. Skarstein - leadvokal

Vetrhus
Vetrhus Bluesband

Norges trivelegaste bluesband! 

Dans på bordet og mykje kjekt! Dette skal Helge Tverdal på vokal, Daniel J. Kamberstad på munnspel, Kjell Arne Bauge på gitar, Kjell Huss på bass og  trommis Bjørn Moe sørge for!

Vetrhus spelar svingande blues og vi kan love skikkeleg liv på scena. Verkeleg! Når desse karane entrar scena er dei uslåelege. Det er speleglede, det er galskap og det er det vi rett og slett kallar skikkeleg musikk!

Vi inviterer med dette til eit skikkeleg, forrykande bluesshow på Trandalblues, med sjølvaste Vetrhus bluesband.
Du trur det ikkje før du har høyrt dei! Dette vert kjekt, vi lovar!

Greg Izor
Greg Izor & Deja Voodoo Trio

Greg Izor, for mange kjent som frontmannen i Anson Funderburgh & The Rockets etter Sam Myers sin bortgang, har på kort tid klart å bli anerkjent som en av de nye kometene på den amerikanske blueshimmelen de siste årene. Med sitt kreative munnspilleri, både kromatisk og diatonisk, blander han uanstrengt hærlige toner fra sør i Louisiana og Texas til Chicago. Han har flere kritikerroste plater bak seg, og aktuell med ny utgivelse nå. Til tross for alltid å ha beina godt plantet i rotekte amerikansk blues, klarer Izor å tilføre noe nytt, friskt og spennende, og gjør det hele på sin måte med stor autoritet. Izor flyttet til New Orleans i 2000, i den hensikt å studere hos de beste av de beste. Han ble tatt under vingene hos en av dagens største bluesmunnspillere, Jumpin´Johnny Sansone. Her lærte han riffene, teknikken og fikk finslipt instrumentet til sitt fulle potensial, mens han samtidig ble lært viktigheten av å finne sin egen stil. Izor streber etter å gjøre tradisjonell bluesmusikk frisk, slik at den kan appellere til flere, også unge, ved å tilføre en stor grad av intensitet, krativitet, og ved å hente inspirasjon fra ulike stiler innen bluesen.
Etter å ha flyttet fra New Orleans til Austin i 2006 etter Katarina, ble Greg raskt fascinert av byens musikalske puls som også på samme måte som New Orleans, har en viktig historie innen blues inspirert musikk. Her stiftet han bekjentskap med Pinetop Perkins, Gary Primich, Derek O´Brien, Denny Freeman, The Faboulous Thunderbirds gjengen, Mike Keller, Johnny Moeller og Nick Curran for å nevne noen. Gjennom sine fantastiske opptredener på klubber som Continental og Antone´s, etablerte han raskt et godt rykte på seg pga. sine energiske og intense sceneopptredener samt finslipte teknikk og sitt musikalske talent. Det var etter at han flyttet til Austin at han fikk anledning til å spille inn sitt første album, "I Was Wrong" som har høstet strålende kritikker i USA. Bekjentskapet med Norge går tilbake til Nidaros Blues Festival og siden den gang har det blitt flere turer over der Fjellberg har satt sammen ulike bandkonstellasjoner for de ulike anledningene. Denne gangen er det bluesrock trioen Deja Voodoo Trio med Kai Fjellberg på gitar/vokal, Per Øyvind Winther på trommer/vokal, og Raymond Bartholdsen på bass/vokal. Denne besetningen har over en god periode nå blitt Greg sin faste besetning i Skandinavia, og det er planer for både Sverige, Finland og Danmark i 2024. Greg har med seg nye låter i bagasjen og er mer enn noen gang motivert for å framføre disse for publikum.

bottom of page